Følg trd.by på Snapchat

Følg oss på snap:

Legg oss til ved å peke kameraet ditt på spøkelset vårt, og trykk på skjermen!

«Korleis skal studentane kunne fokusere på studiet sitt, når ein har ei slik byrde hengande over seg, spør Ådne Reidar Nes Kleppe i dette leserinnlegget.  Foto: Christine Schefte / privat

Debatt:

- Når andre som mister jobben kan få «gratis hjelp», er det ikkje rettferdig at studentar må ta opp meir lån

Meninger
- Regjeringa sin bodskap til Noregs hardtarbeidande studentar, er at det løner seg å vere arbeidsledig framfor å studere.

Koronaviruset råkar alle grupper i det norske samfunnet, og det er i desse dagar viktig med ei handlekraftig regjering, som tek befolkninga sin tryggleik og utfordringar på alvor. Det vert lansert krisepakkar for dei mange tusen i Noreg som no vert permitterte og som i verste fall mister jobben sin. Å ha ein jobb er noko av det viktigaste eit menneske kan ha, for å sikre ein god, trygg og forutsigbar kvardag. Alle desse menneska som no vert råka av arbeidsløyse, og som mister inntekt og forutsigbarheit, kan stort sett få dagpengar frå NAV, og kan på denne måten få kvardagen til å gå opp. Ei gruppe i det norske samfunnet som no vert ståande på bar bakke, er norske studentar.


Studentene får resten av studielånet i én pott - studentene raser

Flere studenter står uten jobb på grunn av koronaviruset. Nå har regjeringen kommet med en hjelpepakke som Norsk Studentorganisasjon mener er hårreisende.


2/3 av norske studentar er avhengig av å ha ein jobb i tillegg til å få stipend/lån frå den norske lånekassa. Studentane skal dekke utgifter som pensumbøker, leige av bustad, straumkostnadar, kollektivtransport, mat og drikke, og mykje meir. Når no mange tusen studentar vert permitterte, eller mistar jobben, så er det dramatisk og fører til ein kvardag prega av frykt. Frykt for å ikkje kunne få dekka dei grunnleggande behova sine, som mellom anna kostnadane for bustad og mat. Korleis skal studentane kunne fokusere på studiet sitt når ein har ei slik byrde hengande over seg til ei kvar tid?


Charlotte (24) har 2000 kroner å leve for i måneden etter at hun ble permittert fra jobb i Trondheim

Flere studenter mister deltidsjobben som følge av virusutbruddet. Det får konsekvenser for en allerede presset økonomi.


Den norske regjeringa kom torsdag med si løysing på korleis studentane skal ta del i den store COVID-19-krisepakken. Vi AUF-studentar Trondheim er ikkje nøgde med at studentar skal måtte ta opp meir lån for å skulle kunne dekke opp for manglande inntekt. Vi krev at studentane i Noreg skal få dekka sine inntektstap, då anten gjennom stipend eller moglegheiter for dagpengar. Når andre som mister jobben kan søke om dagpengar gjennom NAV og få «gratis hjelp», er det ikkje rettferdig at regjeringa si løysning for studentar skal vere å måtte ta opp meir lån.


Nær dobbelt så mange ber om å få utsatt innbetaling til Lånekassen

Koronakrisen fører til at svært mange ber om å utsette innbetalinger til Lånekassen. Hittil i mars har økningen vært på 90 prosent sammenlignet med mars 2019.


Det norske samfunnet er basert på tillit og solidaritet. Vi skal ta vare på kvarandre og yte hjelp når vi ligg nede for telling. At norske studentar som vert permitterte eller mister jobben skal ende opp med meir lån, i staden for å kunne få dagpengar eller liknande, er ikkje solidarisk; det er å utsette ein byrde til framtida.

Regjeringa sin bodskap til Noregs hardtarbeidande studentar, er at det løner seg å vere arbeidsledig framfor å studere. Dei andre arbeidstakarane får ikkje ei «støtteordning» gjennom lån. Ein slik politikk er både trangsynt og gnien, og fører til ei forskjellsbehandling av arbeidstakarar. Vi studentar er skattebetalarar, vi òg!


«Jeg skjønner at du vil på hytta, men jeg vil gjerne se familien min. Akkurat nå går ikke det»

KOMMENTAR: Det har gått for langt når folk bytter bostedsadresse for å komme seg på hytta.